Tru, språk, historie av Bente Afset, Anders Aschim, Torgeir Parr Dimmen, Atle Døssland, Ottar Grepstad, Hallgeir Elstad, Birger Løvlie, Ralph Meier, Jan Inge Sørbø, Marie Nedregotten Sørbø, Jan Ove Ulstein og Per Magne Aadnanes (Open Access)
Open Access

Tru, språk, historie (Open Access)

Heidersskrift til Per Halse

Forfatter:

Anders Aschim, Bente Afset, Hallgeir Elstad og Birger Løvlie (red.)

Forfatter: , , , , , , , , , , og
Innbinding: Open Access
Utgivelsesår: 2022
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk/målform: Bokmål
ISBN: 9788202738730
Kategori: Språk og litteratur og Historie, religion og filosofi
Filformater: EPUB3, HTML, PDF, XML
Lisenstype: Creative Commons Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 International
Fagfellevurdert: Ja
Fag: Historie, religion og filosofi, Språk og litteratur
Nivå: Akademisk
Om utgivelsen Tru, språk, historie

Per Halse, professor i kristendomskunnskap, religion, livssyn og etikk (KRLE) ved Høgskulen i Volda, fylte 65 år 24. januar 2022. Han har særleg arbeidd med emne innan bibelfag og norsk skule- og kyrkjehistorie. Framfor alt har han levert sentrale bidrag til historia om nynorsk kyrkjespråk. Dette var tema for doktoravhandlinga hans frå 2009, eit viktig pionerarbeid som seinare mellom anna har vorte utdjupa og supplert gjennom biografien om Peter Hognestad frå 2016 og i boka om Fyrebilsbibelen som kom til hundreårsjubileet i 2021. Halse er ein framifrå formidlar innanfor sine forskingsområde, og han har skrive fleire lærebøker for høgre utdanning. Han har hatt leiaroppgåver både i og utanfor høgskulemiljøet.

I dette heidersskriftet blir Per Halse hylla av fagfellar, kollegaer og vener. Tittelen Tru, språk, historie og dei tolv artiklane i boka speglar forskingsinteressene til jubilanten. Bidraga spenner over både kyrkjehistoriske, litteraturhistoriske, språkhistoriske og didaktiske emne.

Til toppen

Andre utgaver

Tru, språk, historie
Bokmål Heftet 2022
Forfatter(e)

Bente Afset er førstelektor ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Afsets interesse- og forskningsområder er særlig bibelfaglige og religionsdidaktiske spørsmål.

Anders Aschim er professor i religion, livssyn og etikk ved Institutt for religion, filosofi og samfunnsfag, Høgskolen i Innlandet. Aschim har særleg arbeidd med bibelfag, nyare norsk kyrkje- og kulturhistorie, og religion og migrasjon.

Torgeir Parr Dimmen er senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Høgskulen i Volda. Dimmen har særleg arbeidd med lærarutdanning, medieutdanning, journalistikk og spørsmål knytt til nynorskopplæringa i skulen.

Atle Døssland er professor emeritus i historie ved Institutt for historie, Høgskulen i Volda. Døssland har særleg arbeidd med norsk økonomisk og sosial historie frå 1700- og 1800-talet. Innanfor dette har han gjort fleire regionhistoriske arbeid, men også større arbeid om fiskeri- og kysthistorie og leia eit prosjekt om forholdet mellom bønder og embetsmenn. I tillegg har han også skrive om ideologiske organisasjonar i norske lokalsamfunn på 1800- og 1900-talet.

Ottar Grepstad er forfattar og språk- og litteraturvitar. Grepstad har arbeidd i forlag og kulturinstitusjonar 1980–2018 og skrive eller redigert vel 50 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.

Hallgeir Elstad er professor i norsk kyrkjehistorie ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Elstad har særleg arbeidd med 1800-og 1900-talets norske kyrkjehistorie.

Birger Løvlie, Dr. theol. 1995, er dosent emeritus ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Løvlie er teolog og pedagog, og har har særleg arbeidd med norsk og skotsk kyrkjehistorie, med vekt på kyrkjeordning, vekking og religiøs dikting.

Ralph Meier er førsteamanuensis ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Han har doktorgrad i teologi og lang undervisningserfaring i lærerutdanning, både i grunnskolelærer- og barnehagelærerutdanningen. Meiers hovedkompetanseområder er dogmatikk, etikk og filosofi, han har også jobbet med religionsundervisningen i Norge og i England. De siste årene har han forsket mye på den norske kirkes historie i Amerika. Han har publisert både nasjonalt og internasjonalt.

Jan Inge Sørbø er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Sørbø har skrive fleire forfattarmonografiar, ei nynorsk litteraturhistorie og er oppteken av tilhøvet mellom terapeutisk, litterært og filosofisk språk. Meir informasjon:
https://www.hivolda.no/tilsette/institutt-sosialfag/jan-inge-sorbo.

Marie Nedregotten Sørbø er professor i engelsk litteratur ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda. Sørbø har særleg arbeidd med internasjonale prosjekt om skrivande kvinner på attenhundretalet, med resepsjon, adaptasjon og omsetting.

Jan Ove Ulstein (f. 1944) er dosent emeritus i systematisk teologi ved Høgskulen i Volda. Ulstein har skrive og redigert ei rekke bøker, mest innan skjønnlitteratur for vaksne og born, og ei rekke artiklar. Han leia programområdet Kyrkje – Religion – Samfunn i Rådet for humanistisk forsking (982-1988), og var første ansvarlege redaktør i Tidsskrift for kirke, religion og samfunn (1988-2003, no Nordic Journal of Religion and Society), og har vore serieredaktør for Religionsfag Profil sidan starten (2001).

Per Magne Aadnanes er professor emeritus i systematisk teologi ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Aadnanes har særleg arbeidd med livssynskunnskap, nyreligiøsitet og kristendomshistorie.