Kjetil Børhaug

Kjetil Børhaug

Omtale

Kjetil Børhaug er statsvitar med hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitskap. Han disputerte ved UiB på ei avhandling om utdanning og politisk sosialisering i 2007. Børhaug er tilknytta Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB som professor i samfunnsfagsdidaktikk. Forskingsfelta til Børhaug er for det fyrste knytt til fagdidaktikk, med særleg vekt på samfunnsfaget som politisk sosialisering, og for det andre, styring, organisering og leiing i barnehagesektoren. Han har vore med på fleire NFR-prosjekt på dette feltet, og han leier ekspertgruppa som utgreier barnehagelærarane som profesjon. Frå 2018 er Børhaug med i evalueringa av implementeringa av rammeplanen for barnehagen.

Titler i salg

Viser 1 - 3 av 3