Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar gir ei samla og brei framstilling av det barnelittterære feltet. Boka kombinerer litteraturteori og sjangerkunnskap med didaktiske og formidlingsmessige perspektiv. Eit rikt utval teksteksempel frå norsk og omsett barnelitteratur syner mangfaldet i barnelitteraturens uttrykk og tematikk.
Boka er viktig for studentar i barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanninga, og for andre som søker kunnskap om barnelitteratur.
Denne 4. utgåva er grundig revidert og oppdatert med nyare teoriorientering og teksteksempel. To kapittel er heilt nyskrivne, dei sju andre er utvida, reviderte og oppdaterte.
Kapittel 1 reflekterer over lesing som individuell og sosial hending.
Kapittel 2 drøftar barnelitteraturens estetikk med vekt på barneperspektivet som karakteristisk forteljarposisjon.
Kapittel 3–7 framstiller utbreidde barnelitterære sjangrar og teksttypar: eventyr og fablar, prosaforteljingar, bildebøker, lyrikk og fagbøker.
Kapittel 8 syner korleis barnelitteraturen utvidar tekstbegrepet, tøyer sjangergrenser og skaper nye forteljingsformer ved å gå i dialog med utbreidde medier innanfor det barnekulturelle feltet.
Kapittel 9 drøftar barnelitteraturens sjangrar og teksttypar i forhold til skiftande tider sine førestillingar om barn og barndom.
Tone Birkeland er tidlegare førsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen. Ho har undervist i barnelitteratur og har vore medforfattar av Den norske biletboka (1993) og Norsk Barnelitteraturhistorie (1997/2005/2018).
Ingeborg Mjør var førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Ho underviste i barnelitteratur og disputerte i 2009 med avhandlinga «Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst».
Anne-Stefi Teigland er litteraturviter og førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking. Her underviser og forsker hun på barne- og ungdomslitteratur og formidling. Teigland har lang erfaring både som kritiker, formidler og forlagsredaktør. Hun har skrevet flere artikler om barne- og ungdomslitteratur.