Passivitet (Innbundet)

Forfatter:

Maria Vea Lund

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 742
Forlag: Cappelen Damm
Språk/målform: Nynorsk
ISBN: 9788202528874
Kategori: Pengekrav og inndrivelse , Eiendomsrett , Juridiske fag og Avtale- og kontraktsrett
Fag: Avtale- og kontraktsrett, Eiendomsrett, Pengekrav og inndrivelse
Nivå: Akademisk
Om utgivelsen Passivitet
Ein person som held seg passiv kan i ulike situasjonar bli rekna for å ha gitt eit bindande løfte eller for å ha tapt ein rett – også på ulovfesta grunnlag. Boka inneheld ein analyse av dei ulovfesta rettsnormene som heimlar desse verknadene, med avgrensing til privatretten sitt område.

Dei ytre kjenneteikna på tilfelle der passivitet fører til binding eller rettstap varierer i stor grad. Relasjonen mellom partane kan vere av ulik karakter, verknaden kan inntreffe både innanfor og utanfor eksisterande avtaleforhold, lang eller kort tid kan ha passert, den aktuelle retten kan kvile på ulike rettsgrunnlag og kan knyte seg til ulike typar formuesgode. Boka siktar mot å klargjere kva for argument eller argumentkombinasjonar som kan rettferdiggjere den aktuelle rettsverknaden på tvers av ulike typetilfelle. Frå denne undersøkinga blir det utleia rettesnorer for vurderinga av om det er grunnlag for binding eller rettstap. Analysane tilbyr såleis ei djupare forståing av rettsnormene, og gir samtidig rettleiing for handtering av slike saker i det praktiske rettslivet.

Til toppen

Andre aktuelle titler

Forfatter(e)

Maria Vea Lund har juridisk embetseksamen (2005) og ph.d. i rettsvitskap (2016) frå Universitetet i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som advokat og er nå tilsett ved Det juridiske fakultet, UiB. Dei primære forskingsområda hennar er avtalerett, tingsrett og obligasjonsrett.