Hege Fimreite

Hege Fimreite er førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet, og har særskilte forskingsinteresser innan rettleiing, leiing og utdanningsreformer. Avhandlinga hennar set søkelyset på rettleiing og endring av den kollektive kunnskapen i barnehagen, der merksemda er retta mot kollegarettleiing i gruppe som kunnskapsutviklande møter med fagleg fokus og utvikling av kollektiv praksisteori. Ho har erfaring som leiar frå både barnehage, skule og høgskule, og har i tillegg spesialisering innan klinisk pedagogikk. Fimreite var medlem av ekspertgruppa om barnehagelærarrolla som leverte sin rapport til Kunnskapsdepartementet i 2018.

Titler i salg

Viser 1 - 1 av 1

Område og fag
Språk/målform
  • Den kompetente barnehagen av Johanna Birkeland, Hege Fimreite og Anne Grethe Sønsthagen (Heftet)

    Den kompetente barnehagen

    Tre tilnærmingar til leiing og kunnskapsutvikling

    Språk/målform Nynorsk Utgivelsesår 2022 ISBN 9788202720636 Heftet Akademisk