Tid for taleer ei innføringsbok i munnleg kommunikasjon i skolen, med hovudvekt på dei fire sjangrane "opplesing", "forteljing", tale" og "samtale". Med retorikken som teoretisk og didaktisk fundament, syner forfattaren korleis ein konkret kan arbeide med munnlege tekstar i norskfaget.
Den nye utgåva av Tid for taleer gjennomrevidert i forhold til ny læreplan, med tettare innarbeidde analyseeksempel og med nyskrive innhald om vurdering av munnlege ferdigheiter. Boka passar til både teori- og tekstpensum i munnlegdelen av norsk i lærarutdanninga og til sjølvstudium for lærarar. Her finn ein praktiske tips, omgrepsforklaringar, ei rekkje arbeidsoppgåver og grundige opplegg for korleis ein kan vurdere ulike munnlege sjangrar.
Teksteksempla finst i lydform på ein CD med same tittel som boka - eit svært nyttig supplement for både studentar og lærarar. Klikk på lenka til høgre for å sjå og høyre korleis lydeksempla kan brukast saman med boka!
Liv Marit Aksnes er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har munnleg kommunikasjon som spesialfelt og har skrive fleire bøker og artiklar om dette, forutan at ho har vore medforfattar av to norskverk for vidaregåande skole.