Forordet i Norsk sangbok
Song og songtradisjonar er eit viktig uttrykk for vår felles kulturarv og for nyare kulturimpulsar. Norsk sangbok er viktig som tradisjonsberar for Frilynt folkehøgskule, og som miljø- og identitetsskaper for elevane.
Frilynt folkehøgskule står i ein lang tradisjon som kulturformidlar. Med utgangpunktet i Olaus Alvestad si bok frå 1898 vart første revisjonen av Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag gjort i 1927. Den har blitt revidert og fornya med jamne mellomrom og vi får i 2021 ei ny utgåve i hendene.
Ei songboknemnd beståande av folkehøgskulelærarar har hatt ansvar for revisjonen. Nemnda har fått i oppdrag å velje bort songar frå den gamle boka, gjere eit utval av nye, og samstundes skape ei bok med færre songar. Arbeidet har under koronapandemien vore utfordrande då det blitt gjennomført berre med digitale møter og utveksling av stoff via nettet. Nemnda har meistra oppgåva med å ta vare på ein overlevert songskatt og samtidig skapt fornying. Ein har tatt vare på mange klassikarar og inkludert eit mangfald av nyare musikk, som kan representere eit samfunn med ulike kulturuttrykk. Vektlegging av norsk og nordisk musikk har vore eit kriterium for utvalet av songar. Ein har også prioritert musikalsongar med norsk omsetting. I størst mogeleg grad har ein freista å gjere songane lette å synge, samtidig som ein har halde fast på å vere tru mot originalinnspelingar, musikalsk frasering og harmonisering. Boka har om lag 380 songar, der 170 er tatt med frå den førre utgåva.
Denne boka er ei kjelde til å dyrke fellesskap og glede, og gjer songen og musikken lett tilgjengeleg for undervisning og allsong på folkehøgskulane, og for folk flest. Den har eit spekter av kunstnarlege uttrykk med stor variasjon i kompleksitet og kan nyttast i mange samanhengar, og her er mykje stoff som høver for undervisning, konsertar, høgtider, festar og årets tradisjonar.
Norsk sangbok er ei skattekiste! Vi håper at boka blir flittig brukt og at mange finn glede i å gå på skattejakt for å finne nye gullkorn.
Folkehøgskoleforbundet rettar ein stor takk til songboknemda: Roar Bøye (Seljord fhs.), Heidi Granlund (Toneheim fhs.), Arild Sveum (Elverum fhs.) og Trond Instebø (Hardanger fhs.). Vi vil også rette ei takk til bidrag frå Kjetil Hallre (Ringerike fhs.), Åsmund Mjelva (Elverum fhs.) og elevar frå Seljord, Toneheim, Ringerike og Romerike folkehøgskule for gode innspel i prosessen.
Beste helsing frå Folkehøgskoleforbundet
Einar Opsvik, leiar og Angelina Kashani Christiansen, generalsekretær
Til toppen