Nye vegar til nynorsk

Fag: Norsk
Nivå: Vg1, Vg2, Vg3
Læreplan: Kunnskapsløftet
Komponent: Digital ressurs, Grammatikk
Om læreverket Nye vegar til nynorsk

Nye vegar til nynorsk er tilrettelagd for norskplanen i Kunnskapsløftet. Verket har to komponentar, bok og nettstad.

Stoffet i boka og på nettstaden er delt inn i fem parallelle kapittel. Dei to første tek for seg ulike sider ved formverket og språklege emne som elevar med nynorsk som sidemål særleg må merke seg. Deretter har kvart årstrinn sitt eige kapittel der elevane kan arbeide med oppgåver frå sentrale fagområde.

Dei to første kapitla er ikkje mynta på noko spesielt årstrinn. Tanken er at elevane der skal få hjelp til å halde ved like dei formelle sidene ved nynorsk. I boka kan dei lese om språk og form og prøve seg på oppgåver. På nettstaden ligg det fleire oppgåver med ulik vanskegrad til kvart emne. Dei er interaktive, slik at elevane heile tida får tilbakemeldingar på om det dei har gjort, er rett eller gale. Her kan dei derfor arbeide sjølvstendig med det kvar enkelt treng å øve på.

Kapitla for kvart av dei tre årstrinna kan vere eit supplement til det læreverket klassen nyttar, og kan gi idear til skriftlege og munnlege aktivitetar. Samtidig som elevane får impulsar til arbeid med fagstoffet, får dei trening i å uttrykkje seg om faglege emne på nynorsk. På nettstaden er mange av oppgåvene korte luketekstar som gir fagleg informasjon om ulike emne. I tillegg til at elevane får fagkunnskapar, lærer dei seg fagterminologi og øver inn nynorske ord og uttrykk.

Sidan så store delar av både boka og nettstaden er knytte til fagstoffet på dei tre årstrinna, er det sjølvsagt ikkje noko i vegen for at elevar med nynorsk som hovudmål også kan bruke henne. Dei kan ha nytte av arbeidet med det faglege innhaldet, og mange av dei treng å lære seg fagterminologi og å aktivisere sitt eige ordtilfang.

Hovudtanken med boka er at ho skal følgje undervisninga i dei tre åra i den vidaregåande skulen. Dersom elevane arbeider med oppgåver etter kvart som dei kjem til ulike emne i faget, vil dei få ei regelmessig øving i nynorsk. Det kan hjelpe dei til både å halde ved like det dei kan frå før, og gjere dei til betre skrivarar.

Til toppen

Forfatter(e)

Anne Lene Berge har utdanning som allmennlærer fra lærerhøyskole, musikk grunnfag og nordisk hovedfag. Siden tidlig på 1980-tallet har hun undervist norske og minoritetsspråklige elever og elever på International Baccalaureate ved Bergen Katedralskole. Hun har også vært timelærer i stilistikk ved Universitetet i Bergen. Hun har skrevet Nye vegar til Nynorsk, flere minigrammatikker og vært medforfatter på læreverkene Spor, Impuls, Spenn og Moment.

Titler/bestilling