Norsk ordbok – nynorsk

Fag: Norsk, Norsk for viderekomne (B1-C1)
Nivå: Spor 3 - B2, Vg2, Vg1, 8. trinn, Vg3, Yrkesfag Vg3 påbygging, 9. trinn, 10. trinn, Spor 2 - B2, Yrkesfag Vg1, Yrkesfag Vg2, Spor 3 - C1
Læreplan: Fagfornyelsen
Om læreverket Norsk ordbok – nynorsk

Norsk ordbok – nynorsk inneheld det sentrale ordtilfanget i moderne nynorsk. Ordboka er laga spesielt for elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.

Cappelen Damms Norsk ordbok - nynorsk er den nyaste og mest oppdaterte ordboka i sitt slag.
Ordboka tar utgangspunkt i moderne norsk og er grundig gjennomarbeidd med tanke på lesbarheit, eit aktuelt ordtilfang og brukaranes behov for ei påliteleg og praktisk ordbok.

Fakta om Norsk ordbok – nynorsk:

  • lesarvennleg oppsett og design
  • strengt alfabetisk struktur og alfabetstripe i høgre yttermarg
  • meir enn 23 000 oppslagsord
  • over 31 000 brukseksempel og 3500 faste uttrykk
  • dei 2500 vanlegaste orda er markerte med ein nøkkel i margen
  • eitt bøyingsmønster med fulle ordformer til kvart oppslagsord
  • enkle og pedagogiske definisjonar på alle oppslag
  • nyttige fagkodar og stilmarkørar
  • rammer med språkinformasjon på alfabetisk plass
  • enkel brukarrettleiing
  • minigrammatikk
  • språkreglar og skriveråd
  • noregskart
  • følgjer rettskrivinga frå 2012
  • solid og oppslagsvennleg innbinding i fleksibind

Til toppen

Titler/bestilling