Anne Grethe Sønsthagen
© Foto: Ine Jeanette Skjerven

Anne Grethe Sønsthagen

Anne Grethe Sønsthagen er førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet, og har særskilte forskingsinteresser innan kulturelt mangfald, foreldresamarbeid, leiing og organisasjon. I doktorgradsavhandlinga ser ho på inkludering av foreldre med flyktningbakgrunn i barnehagen og leiinga (styrar og pedagogiske leiarar) sitt ansvar for dette. Ho set søkelys på arbeidet med og leiinga av fleirkulturell kompetanseheving i barnehagen og relasjonar og interaksjonar mellom foreldre med flyktningbakgrunn og personalet. Ho har erfaring som pedagogisk leiar i barnehage, programrådgjevar for flyktningar i introduksjonsprogram og fagstilling på høgskulen. Sønsthagen har ein mastergrad i fleirkulturell og internasjonal utdanning med feltarbeid i Sør-Afrika.

Titler i salg

Viser 1 - 1 av 1

Område og fag
Språk/målform