Vilkår for nynorsk mellom barn og unge

Skriftkultur 2

Gudrun Kløve Juuhl, Stig Jarle Helset og Endre Brunstad (red.), 2020, Nynorsk

Omtale

Dette nummeret av skriftserien Skriftkultur er ein del av etableringa av tradering av nynorsk som eit forskingsfelt. Forskingsfeltet inkluderer spørsmål knytt til eksponering for og opplæring i nynorsk i utdanningsinstitusjonen, men også spørsmål om korleis barn og unge sjølve stiller seg til nynorsk og kva plass språket har i livet deira. I eit vidare perspektiv handlar spørsmålet om tradering av nynorsk også om kva plass og funksjonar språket fyller, dvs. kva slags sosial praksis som ligg til grunn for nynorsken.

I dette nummeret undersøkjer 13 forskarar vilkåra for nynorsk mellom barn og unge frå ulike vinklar og på ulike tidspunkt i livet, frå barnehage til studentliv. Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av dette viktige forskingsfeltet.