Tonen og glaset (Heftet)

Pedagogisk arbeid med eldre og verbal kreativitet

Forfatter:

Odd Sætre, Oddgeir Synnes og Ragna Ådlandsvik

Forfatter: , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2003
Antall sider: 209
Forlag: Høyskoleforlaget
Språk/målform: Nynorsk
ISBN: 9788276345247
Nivå: Akademisk
Om utgivelsen Tonen og glaset
Skaping med ord, arbeid med poetisk språkuttrykk og forteljing, er kjernen i «Prosjekt Eldrepedgogikk», PEP, i Bergen, der forfattarane av boka er initiativtakarar og sentrale aktørar. Idegrunnlaget har sitt utspring i pedagogikkmiljøet ved Institutt for praktisk pedagogikk ved Universitetet i Bergen, og prosjektet er i hovudsak finansiert av Hordaland Fylkeskommune. Kursverksemd innanfor PEP med eldre i ulike fasar og på svært ulike funksjonsnivå har resultert i mange refleksjonar og erfaringar, og ikkje minst: i mange gode tekstar. Alt dette ønskjer forfattarane å dele med lesarane, som blir invitert inn frå pedagogikkfagleg og helsefaglege miljø, og frå alle felt av samfunns- og kulturlivet der ein ønskjer å få eldre med som aktive og skapande deltakarar. Gjennom ei tverrfagleg tilnærming, der pedagogikk, gerontologi, språk, litteratur og filosofi er trekt inn, slår Tonen og glaset eit slag for vekking og frigjering av evner på område som den einskilde og samfunnet kanskje ikkje visste var der.

Til toppen

Forfatter(e)
Oddgeir Synnes er leiar for Senter for diakoni og profesjonell praksis og førsteamanuensis ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo og førsteamanuensis II ved Høgskolen i Molde. Han er filolog og har i ei årrekkje arbeidd med narrative perspektiv innan eldreomsorg og palliativ omsorg. Doktorgraden hans (2012) var ein analyse av palliative pasientar sine forteljingar som narrative identitetskonstruksjonar.