I informasjonssamfunnet møter vi enorme mengder tekstar av ulike slag. Meir enn nokon gong er det viktig å kunne stille spørsmål ved korleis verda blir framstilt i reklame, haldningskampanjar, bloggar, avistekstar og sosiale media.
Denne boka handler om korleis vi kan analysere slike sakprosatekstar kritisk. Forfattarane hentar teori og metodisk tilnærming fra diskursanalyse, sosialsemiotikk og pragmatikk, og viser korleis ein kan analysere både språklege og visuelle framstillingsmåtar. Boka inneheld ei rekkje illustrerande analyseeksempel og forslag til framgangsmåtar for tekstanalyse i praksis. Forfattarane kjem også med innspel til korleis ein kan arbeide med tekstanalyse i skulen.
Boka eignar seg for lærarar i skulen, studentar og fagfolk i lærarutdanningane, i fag som norsk, kommunikasjonsfag, samfunnsfag og for andre som arbeider med å skape eller vurdere tekstlege framstillingar.
«Det er eit handverk å skriva, og ein kunst å skriva godt. Folk som arbeider med sakprosa, kan få auka sjølvkjensle av å lese denne boka. [...] Forfattarane er modige nok til å bryna teorien på røyndomen på ein etterprøvbar måte. Døma heng akkurat så godt fast i teorien at lesaren sjølv kan vurdera om både teorien og døma er oppklarande - noko eg synast dei er. [...] Ut frå dei gode døma og den systematiske framstillinga av teorien, trur eg boka til Skovholt og Veum kan hevda seg godt i konkurransen».
Karianne Skovholt er professor i norskdidaktikk ved Institutt for språk og litteratur, Campus Vestfold, Universitetet i Sørøst-Norge. Hun er samtaleanalytiker og språkviter, og forsker på kritisk literacy og samtaler i klasserommet.
Aslaug Veum er professor i norskdidaktikk ved Institutt for språk og litteratur ved Universitetet i Sørøst-Norge. Hun forsker på blant annet kritisk literacy i klasserommet, sosiale medier, massemedier, lærebøker og tredimensjonale objekter. Veum har publisert bøker innenfor relaterte temaer som literacy, kritisk diskursanalyse og multimodalitet.