Språk, tekst og medvit (Heftet)

Serie: Skriftkultur 3

Forfatter:

Tor Arne Haugen, Svenn-Arve Myklebost, Stig Jarle Helset og Endre Brunstad

Forfatter: , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 194
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk/målform: Bokmål / Nynorsk
Serie: Skriftkultur
Serienummer: 3
ISBN: 9788202731380
Kategori: Språk og litteratur
Fag: Språk og litteratur
Nivå: Akademisk
Om utgivelsen Språk, tekst og medvit

Denne boka er tilgjengelig i en gratis open access-utgave på noasp.no

Dette nummeret av Skriftkultur viser korleis det tverrfaglege skriftkulturelle feltet kan opne nye perspektiv på grunnleggande spørsmål. Eit avgjerande grunnlag for all forsking og vitskap er at han er skriftbasert. Det gjeld ikkje berre i humaniora, men i alle vitskaplege disiplinar.

Vitskaplege teoriar og tenkjemåtar er språklege konstruksjonar i kulturelle fellesskap, og det er i skriftleg form vitskapleggjeringa skjer. Grunnlagsproblem i utforsking av språket og skrifta er dermed samstundes grunnlagsproblem for andre skriftspråklege praksisar, anten dei er vitskaplege eller meir generelle. Tilhøva mellom språket, tekstane det gjev grunnlag for og medvitet til språkbrukarane handlar nettopp om slike grunnproblem. Kva er grunnlaget vårt for å forstå, beskrive og forklare desse tilhøva, og på kva måtar gjev ulike fag og disiplinar ulike inngangar til og svar på° slike spørsmål?

I dette nummeret undersøkjer sju forskarar tilhøvet mellom språk, tekstar og medvit med utgangspunkt i ulike fag innan human- og samfunnsvitskapane: språkvitskap, fagdidaktikk, psykolingvistikk, språkfilosofi, estetisk teori, tekst- og litteraturvitskap og religion. Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av dette viktige feltet.

Til toppen

Andre utgaver

Språk, tekst og medvit
Bokmål Open Access 2021
Forfatter(e)

Stig J. Helset er professor i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda, der han er ansvarleg for Mastergradsstudiet i skriftkulturar. Han har arbeidd særleg mykje med kartlegging av normer i det nynorske skriftspråket og driv dessutan med sosiolingvistisk forsking og stadnamnforsking.

Endre Brunstad er professor i nordisk fagdidaktikk/språk og fagleg leiar for lektorsenteret, Universitetet i Bergen. Han har arbeidd mykje med språkpolitikk og språknormering i dei nordiske språksamfunna og med problemstillingar knytte til språkkontakt og språkopplæring.

Jonas Gamborg Lillebø, førsteamanuensis, Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Lillebøs faglige interesseområder og forskning er knyttet til vitenskapsfilosofi, sekulariseringsteori, politisk teologi, religionsfilosofi, filosofisk antropologi, sosialfilosofi, politisk filosofi, omsettingsteori, språkfilosofi, pedagogisk filosofi, interkulturalisme og kulturmøter.

Knut-Willy Sæther, professor, Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Sæthers forskning er interdisiplinær og omfatter fagområder som filosofi, estetikk, teologi og naturvitenskap. For mer informasjon, se www.knutwillysaether.weebly.com.

Bøker i serien