Skriftkulturstudiar i ei brytingstid (Heftet)

Serie: Skriftkultur 1

Forfatter:

Stig Jarle Helset og Endre Brunstad

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2019
Antall sider: 150
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk/målform: Nynorsk
Serie: Skriftkultur
Serienummer: 1
ISBN: 9788202646356
Kategori: Språk og litteratur
Fag: Språk og litteratur
Nivå: Akademisk
Om utgivelsen Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

Denne boka er tilgjengelig i en gratis open access-utgave på noasp.no.

Siktemålet med dette første nummeret av den nye vitskaplege skriftserien Skriftkultur er å gjere opp status for skriftkulturstudiar som forskingsfelt og studiefelt. Nummeret kastar lys over skriftkulturomgrepet i ein brei literacy-samanheng, samtidig som det har eit særleg auge for den nynorske skriftkulturen.

Kva ligg i omgrepet skriftkultur? Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? Kan vi snakke om ein eigen nynorsk litterær danningstradisjon? Og bør opplæringa i nynorsk skriftspråk lausrivast frå dialektane?

Gjennom sju vitskaplege artiklar diskuterer forfattarane ulike sider av skriftkulturen og skriftkulturstudiane i eit historisk og notidig perspektiv og i eit norsk/nordisk og internasjonalt perspektiv.

Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av det skriftkulturelle feltet generelt og den nynorske skriftkulturen spesielt.

Til toppen

Andre utgaver

Skriftkulturstudiar i ei brytingstid
Nynorsk Open Access 2019
Forfatter(e)

Stig J. Helset er professor i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda, der han er ansvarleg for Mastergradsstudiet i skriftkulturar. Han har arbeidd særleg mykje med kartlegging av normer i det nynorske skriftspråket og driv dessutan med sosiolingvistisk forsking og stadnamnforsking.

Endre Brunstad er professor i nordisk fagdidaktikk/språk og fagleg leiar for lektorsenteret, Universitetet i Bergen. Han har arbeidd mykje med språkpolitikk og språknormering i dei nordiske språksamfunna og med problemstillingar knytte til språkkontakt og språkopplæring.

Kjell Lars Berge er professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo. Han har vore gjesteprofessor ved Göteborgs Universitet, professor II i literacy ved Universitet i Stavanger og professor II i skriveforsking ved NTNU. Berge er også æresdoktor ved Örebro Universitet.¿

Stephen J. Walton er professor i tverrfaglege kulturstudiar ved Universitet i Søraust-Noreg. Han har vore professor i nynorsk skriftkultur og leiar for Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Han har vore oppteken av forsking på fleire sider av det skriftkulturelle feltet, med eit særleg søkjelys mot arbeida til Ivar Aasen, amerikanisering og biografiteori. Dei seinaste åra har Walton skrive om seksualitetshistorie, og held på å gi ut ei bok om genussystemet i eit samfunn i Mexico.

Jan Inge Sørbø er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Sørbø har skrive fleire forfattarmonografiar, ei nynorsk litteraturhistorie og er oppteken av tilhøvet mellom terapeutisk, litterært og filosofisk språk. Meir informasjon:
https://www.hivolda.no/tilsette/institutt-sosialfag/jan-inge-sorbo.

Per Henning Uppstad er professor i spesialpedagogikk ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforskning, Universitet i Stavanger. Hans forskningsinteresser omfatter blant annet forskning på begynneropplæring, tiltak for elever med lese- og skrivevansker, teknologistøttet læring og nye måter å måle lese- og skriveferdighet på. Per Henning Uppstad er professor i spesialpedagogikk ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforskning, Universitet i Stavanger. Hans forskningsinteresser omfatter blant annet forskning på begynneropplæring, tiltak for elever med lese- og skrivevansker, teknologistøttet læring og nye måter å måle lese- og skriveferdighet på.

Bøker i serien