Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

Stig Jarle Helset og Endre Brunstad (red.), 2019, Nynorsk

Omtale

Siktemålet med dette første nummeret av den nye vitskaplege skriftserien Skriftkultur er å gjere opp status for skriftkulturstudiar som forskingsfelt og studiefelt. Nummeret kastar lys over skriftkulturomgrepet i ein brei literacy-samanheng, samtidig som det har eit særleg auge for den nynorske skriftkulturen.

Kva ligg i omgrepet skriftkultur? Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? Kan vi snakke om ein eigen nynorsk litterær danningstradisjon? Og bør opplæringa i nynorsk skriftspråk lausrivast frå dialektane?

Gjennom sju vitskaplege artiklar diskuterer forfattarane ulike sider av skriftkulturen og skriftkulturstudiane i eit historisk og notidig perspektiv og i eit norsk/nordisk og internasjonalt perspektiv.

Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av det skriftkulturelle feltet generelt og den nynorske skriftkulturen spesielt.