Russland har vore eit imperium i nesten 500 år. Det gamle russiske imperiet gjekk under i 1917, men oppstod snart i transformert versjon som Sovjetunionen. Sovjetunionen blei historie i 1991, men mange russarar førestiller seg enno eit Russland som er større enn det som ligg innanfor den noverande russiske føderasjonen.
Russiske imperium syner korleis arven frå imperiefortida pregar dagens Russland både politisk og ideologisk. For å forstå Russland og russisk sjølvforståing må vi kjenna til landet si forhistorie som ei verdsmakt.
Boka gjev den historiske bakgrunnen for nyare konfliktar med nabostatar og andre spenningar i samtida. Samstundes peikar ho på praksisar og tenkjemåtar som har blitt borte undervegs. Russland har sidan 1500-talet vore imperium på ulike måtar. Og imperiet var – og er – meir enn berre imperialisme. Boka analyserer mangfaldige konstellasjonar av eit sentrum i samverke med ulike periferiar, og kombinerer den politiske historia med ei idéhistorisk framstilling av russiske sjølvbilde, før og no.
Kåre Johan Mjør er forskar ved Centrum för Rysslandsstudier, Uppsala Universitet. Han har tidlegare publisert boka Reformulating Russia: The Cultural and Intellectual Historiography of Russian First-Wave Émigré Writers (2011) samt ei rekkje artiklar om eldre og nyare russisk idéhistorie og filosofi.