Litteraturformidling i lokale bibliotek (Heftet)

– møte mellom teori og praksis

Forfatter:

Kjell Ivar Skjerdingstad og Silje Hernæs Linhart

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 220
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk/målform: Nynorsk
ISBN: 9788202615864
Kategori: Språk og litteratur og Litteratur- og språkvitenskap
Fag: Litteratur- og språkvitenskap
Nivå: Akademisk
Om utgivelsen Litteraturformidling i lokale bibliotek

Denne boka handlar om litteraturformidling ansikt til ansikt – direkte møte mellom formidlarane og dei det blir formidla til. Forfattarane skildrar ei rekke formidlingspraksisar der små bibliotek i Sogn og Fjordane samarbeider med barnehagar og skoler på ulike vis. Felles for desse formidlingspraksisane er at dei set barn og unge sine interesser, lyster og kunnskapar i sentrum, og at dei er utvikla ut frå konkrete behov i dei ulike lokalmiljøa. Forfattarane bruker teoretiske innsikter om litteratur og om vårt forhold til språket og verda til å sette ord på kva formidlinga tyder for dei involverte. Dei synleggjer òg kor stor tyding økonomiske rammevilkår og politiske føresetnader har for å kunne drive litteraturformidling av høg kvalitet.

Boka gir ny kunnskap til forskinga innan bibliotek-, litteratur- og kommunikasjonsfag, og er særleg aktuell for studentar, bibliotekarar, lærarar og andre litteraturformidlarar. Forfattarane viser korleis ein kan tenkje systematisk og vitskapleg om eigen praksis, og bidreg slik til å styrke fagleg og profesjonell dømmekraft.

Til toppen

Andre aktuelle titler

Forfatter(e)

Silje Hernæs Linhart er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Høgskolen i Innlandet. Ho er utdanna bibliotekar og litteraturvitar, og har tidlegare jobba som bibliotekar i folkebibliotek. Ho har blant anna skrive ei avhandling om transidentitetar hos litterære karakterar i barne- og ungdomslitteratur.

Kjell Ivar Skjerdingstad er professor ved OsloMet. Han er dr. art i nordisk litteratur og underviser i litteraturformidling og samtidslitteratur. Skjerdingstad har tidlegare skrive bøker og artiklar om vitskapleg tenking, litteraturformidlingas teoriar og føresetnader, litterær kvalitet og vurdering, og forfattarskap som Tarjei Vesaas, Hanne Ørstavik og Erlend Loe.