Kraft Fysikk 1 og 2 (Fagfornyelsen LK20)

Kraft 1 (2021) Fysikk 1 (Heftet)

Lærebok i Fysikk 1 programfag studiespesialiserande

Forfatter:

Fossum, Sandstad, Bergli, Dellnes og Myhrehagen

Forfatter: , , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 368
Illustratør: Hammerstrøm, Maria
Forlag: Cappelen Damm
Språk/målform: Nynorsk
ISBN: 9788202696023
Kategori: Fysikk 1
Læreplan: Fagfornyelsen
Fag: Fysikk 1
Nivå: Vg2
Komponent: Alt-i-ett-bok
Om utgivelsen Kraft 1 (2021) Fysikk 1

KRAFT Fysikk 1 (2021) er ei alt-i-eitt-lærebok med teori, oppgåver og forsøk som dekker læreplanen til fagfornyinga i fysikk 1. Eleven blir leia inn i fysikkverda gjennom utforskande aktivitetar, undring, eksperiment, programmering og modellering. Læreboka legg opp til fordjupning om rørsle, energi og klima. KRAFT 1 eignar seg godt i klasserommet og for privatistar som skal ta munnleg eksamen i fysikk 1.

KRAFT 1 legg vekt på den eksperimentelle og utforskande naturen til fysikkfaget. Teoristoffet blir forklart enkelt og praktisk, og fagstoffet er knytt til aktivitetar og tenkepausar eleven kan gjere sjølv. På den måten utviklar eleven eigarskap til teoristoffet og blir ein aktiv, nysgjerrig og kritisk lesar.

Læreboka er tydeleg og oversiktleg, med markerte lovar og definisjonar, innramma rekneeksempel, stikkord i margen og samandrag. Kvart kapittel har ein eigen farge, som gjer boka innbydande og enkel å navigere i. Til kvart kapittel følger det fleire varierte forsøk og nå enda fleire og rikare oppgåver enn tidlegare. Innlæringsoppgåvene gir ein gradvis progresjon og hjelper eleven med å tileigne seg stoffet. Dei munnlege oppgåvene passar godt for diskusjonar i grupper eller framlegg for klassen, og dei er også god trening før munnleg eksamen. Dei blanda oppgåvene til sist i kvart kapittel krev at eleven ser samanhengar i faget og utforskar og fordjupar seg i nye problemstillingar. Mange av oppgåvene har løysingsforslag på den tilhøyrande gratis nettressursen for elevar. Der ligg det også kapitteltestar, interaktive oppgåver, fordjupingsstoff, videoleksjonar og andre supplerande ressursar. Lærarar kan dessutan kjøpe lisens til lærarressursen, som har årsplan, ferdige undervisningsopplegg, prøver og anna støttemateriell.

KRAFT 1 bruker aktivt digitale verktøy som GeoGebra, Tracker og Python, når desse er formålstenlege for å løyse og forstå fysikkproblem. Videoanalyse i Tracker og modellering av reelle situasjonar bidrar til å gjere komplekse tema konkrete og relevante. Programmeringskompetanse byggast gradvis opp gjennom læreboka på premissa til fysikkfaget. Med kodeeksempel i Python lærer elevane å bruke programmering til å handtere reelle data, gjere numeriske berekningar og simulere situasjonar dei tidlegare ikkje har kunne rekne på.

Det tverrfaglege temaet "bærekraftig utvikling" kjem tydeleg fram i KRAFT 1. Kapitla om mekanisk energi, termisk fysikk og elektrisitet bygger opp grunnleggande forståing om ulike energiformar, og i eit eige kapittel om klimafysikk lærer elevane om stråling og klimamodellering. Kapittelet om kjerner og stjerner gir ei oversiktleg framstilling av liv og død til stjerner, om oppbygginga av grunnstoff, og kor strålingsenergien i stjernene kjem frå. Boka avsluttast med eit eige samfunnsaktuelt kapittel som legg opp til at elevane kan prøve seg som fysikarar i ein grøn framtid. Her får dei fordjupe seg i sjølvvalde problemstillingar, sjå faget i samaenheng, og vurdere påstandar og argument om energi og klima.

I arbeidet med nye KRAFT har vi lytta til erfaringar og innspel frå lærarar og elevar. Heile boka er revidert med nytt og forbetra innhald tilpassa fagfornyinga.

kraft.cdu.no

Til toppen

Forfatter(e)

Fossum har en mastergrad i fysikk fra Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), med fordypning i biologisk fysikk og matematisk nevrovitenskap. I tillegg har hun praktisk-pedagogisk utdanning fra NMBU. Fossum jobber som lektor i fysikk og matematikk ved Ski videregående skole. Tidligere har hun også jobbet med videreutdanning av lærere i fysikk ved lærerutdanningen på NMBU.

Sandstad har mastergrad i teoretisk fysikk og doktorgrad i kosmologi fra Universitetet i Oslo (UiO). Hun har undervist på bachelornivå i astrofysikk, informatikk og matematikk ved UiO. Utenom dette har hun drevet med formidlingsarbeid gjennom foredrag og deltakelse i Abels tårn på NRK P2. Etter ca. to år som forsker på postdoktornivå ved Nordisk institutt for teoretisk fysikk (NORDITA) i Stockholm jobber hun nå ved CICERO Senter for klimaforskning. Hun har bidratt som medvirkende forfatter til IPCCs klimarapport AR6.

Bergli har hovedfag i faste stoffers fysikk, hovedfag i datalingvistikk og doktorgrad i kjernefysikk fra Universitetet i Oslo (UiO). I tillegg har hun praktisk-pedagogisk utdanning fra NMBU. Hun har undervist på bachelornivå i fysikk ved UiO, HiOA (nå Oslo Met) og NMBU, og jobbet med videreutdanning for lærere i fysikk ved UiO. Siden 2015 har hun jobbet som lektor i realfag ved Ås videregående skole. Fra 2018 har hun hatt delt stilling mellom Ås videregående skole og lærerutdanningen (ILU) ved NMBU.

Dellnes er lektor i realfag fra lektorutdanningen ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) fra 2007. I tillegg har hun idrett mellomfag fra Høgskolen i Agder. Hun har siden 2006 undervist i matematikk, fysikk og naturfag ved Kirkeparken videregående skole i Moss.

Henning Vinjusveen Myhrehagen har lektorutdanning i realfag fra Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) i Trondheim. Hans masterprosjekt var tilknyttet det fysikkdidaktiske forsknings- og utviklingsprosjektet ReleKvant. Prosjektet har resultert i Viten-programmer i kvantefysikk og generell relativitetsteori. Han har siden 2015 undervist i matematikk og fysikk ved Asker videregående skole og deltatt videre i ReleKvant-prosjektet.

Kraft Fysikk 1 og 2 (Fagfornyelsen LK20)

Kraft er et læreverk til programfaget fysikk i videregående skole og er skrevet til ny læreplan for fagfornyelsen (LK20). Kraft legger vekt på utforsking og dybdelæring i fysikk gjennom aktiviteter og forsøk, fordypningsoppgaver, programmering og fokus på tverrfaglige tema.