Kontakt norsk yrkesfag (Fagfornyelsen LK20)

Kontakt (2021) (Fleksibind)

Lærebok norsk yrkesfag vg2

Forfatter:

Tone Elisabeth Grundvig

Forfatter:
Innbinding: Fleksibind
Utgivelsesår: 2021
Forlag: Cappelen Damm
Språk/målform: Nynorsk
ISBN: 9788202597320
Kategori: Norsk
Læreplan: Fagfornyelsen
Fag: Norsk
Nivå: Yrkesfag Vg2
Komponent: Grunnbok
Om utgivelsen Kontakt (2021)

Med læreverket Kontakt i norsk yrkesfag vg2 vil elevane oppleve norskfaget som relevant for den yrkesretninga dei har valt, og at norskfaget har ein praktisk verdi for dei. Kontakt (2021) dekker alle læreplanmåla til fagfornyinga (LK20).

Kontakt tek yrkesretting på alvor
I fagfornyinga skal elevane lære å meistre ulike sjangrar dei vil møte i yrkeslivet. I Kontakt får elevane verktøya dei treng for å kunne lese og skrive tekstar som er relevante for yrket dei utdannar seg til.

I skriftlege og munnlege sjangrar er det viktig å kunne uttrykke seg klart og tydeleg slik at mottakar forstår og blir interessert. Det er ikkje berre ortografi, men også god samanheng, korrekt fagspråk og formell stil som er viktig. Bruk av video og bilde, lyttekompetanse og å forstå mottakaren er andre kompetansar.

Elevane skal lære å vere kritiske og utforskande
I kapittelet om saktekstar får elevane konkrete tips om korleis dei kan vurdere truverdet til avsendaren. Elevane skal vere bevisste på korleis dei retoriske appellformene verkar og påverkar den som les eller høyrer. I kapittelet om munnleg kommunikasjon lærer elevane om korleis dei sjølve kan bruke retorikk på ein god måte.

Å vere ein kritisk lesar betyr at ein skal vere open, aktiv og utforskande. Elevane skal lære å stille gode spørsmål til teksten. Gjennomgåande i læreboka Kontakt og dei digitale ressursane er det utforskande oppgåver der elevane skal undersøke kva kontekst eller tema ein tekst har, og overføre kunnskap til andre samanhengar.

Tydelege og instruktive eksempeltekstar og sjekklister
Kontakt formidlar tydeleg kva som blir forventa av elevane og gjer det enklare å meistre norskfaget. Elevane får god hjelp når dei arbeider med både lesing, skriving og munnlege aktivitetar. Eksempeltekstane har gode forklaringar og er tydelege slik at elevane skal forstå oppbygning og tekststrukturar så godt at dei kan møte krava i eigne tekstar. Sjekklistene er presenterte i rammer slik at elevane enkelt kan gå gjennom punkta når dei arbeider på eiga hand.

Kulturmøte i litteraturen og språkleg mangfald
Kva vil det seie å kunne reflektere? Kva skal elevane gjere konkret når dei reflekterer over tema i tekstar? I Kontakt får elevane gode spørsmål som dei kan stille til tekstar dei skal reflektere over, og eksempel på slike refleksjonar. Tekstar er kommenterte i teoridelen og viser korleis ein kan reflektere over for eksempel ulike kulturmøte. Kva skjer med språket når det møter andre språk? Elevane får teoristoff og teksteksempel med oppgåver knytte til temaa norsk i ei globalisert verd og dei samiske språka.

Dei tverrfaglege temaa i norsk yrkesfag
Dei overordna tverrfaglege temaa berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap, er integrerte i læreverket Kontakt, og særleg i tekstsamlinga der tekstane gir varierte innfallsvinklar til temaa.

Utvalet i tekstsamlinga treffer og engasjerer elevane
Utvalet av tekstar i læreboka Kontakt har breidde og variasjon, og dei viser korleis tekstar kan ta opp eit tema med ulike innfallsvinklar. Dei litterære tekstane er i stor grad avslutta tekstar. Saktekstane er valde ut for å ha relevans over tid. Dramateksten er eit kjent tv-manuskript, og dei lyriske tekstane er både tradisjonelle og modernistiske, i tillegg til ny songlyrikk som er ein sjanger elevane er kjende med.

Fyldige digitale ressursar for elevar og lærarar
Læreboka Kontakt blir supplert av ein nettstad for lærarar og elevar med blant anna fleire oppgåver og læringsstiar, skrive- og leseverktøy, integrert ordbok og meir. Læraren finn gode undervisningsopplegg, forslag til årsplanar og vurderingssituasjonar med meir. Elev- og lærarnettstaden har funksjonalitet som legg opp til lagring av oppgåver og prosessorientert skriving.

Læreboka Kontakt er tilgjengeleg i begge målformer og som digital lærebok: Kontakt (2021) Unibok og Kontakt (2021) Brettbok.

Forfattarane Tone Elisabeth Grundvig og Siv Sørås Valand har begge lang undervisningserfaring i norsk på yrkesfagleg studieretning.

Til toppen

Forfatter(e)

Tone Elisabeth Grundvig er lektor og avdelingsleder ved Sandefjord videregående skole. Hun har hovedfag i norsk, og har tysk, engelsk og mediekunnskap som øvrig fagkrets. Grundvig har undervist i norsk på yrkesfag siden 1995, og har vært FYR-kontakt og digitalpedagog. Hun har også erfaring fra eksamensnemndarbeid i Utdanningsdirektoratet. Grundvig er forfatter av læreverkene Kontakt yrkesfag, Kontakt basis og Kontakt påbygging. Hun er særlig opptatt av yrkesretting av norskfaget og har holdt flere foredrag, blant annet: Hvordan gjøre norskfaget relevant for elevene?

Siv Sørås Valand er lektor ved Sandvika videregående skole i Bærum og har jobbet som lektor i norsk i videregående skole siden 2008. Valand har mastergrad i norsk og har praktiskestetiske fag i sin fagkrets. Hun har bred erfaring med undervisning i norsk, både for yrkesfag, for studieforberedende og fra ungdomsskolen. Valand er forfatter av læreverkene Kontakt yrkesfag, Kontakt basis og Kontakt påbygging og har holdt flere foredrag som også er relevant for norsk for studieforberedende utdanningsprogram: Klimafiksjon i norskundervisningen og Kildekritikk: hvordan og hvorfor – et undervisningsopplegg. Siv Sørås Valand er i tillegg daglig leder i Landslaget for norskundervisning (LNU).

Kontakt norsk yrkesfag (Fagfornyelsen LK20)

Kontakt er et praktisk og yrkesrettet læreverk i norsk for yrkesfag til fagfornyelsen (LK20). Elevene vil oppleve norskfaget som relevant for den yrkesrettingen de har valgt, og at norskfaget har en praktisk verdi for dem. Lærebok og digitale ressurser dekker alle kjerneelementene og målene i læreplanen for norsk yrkesfag på vg2.