Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg (Ebok)

ca. 200–1350

Forfatter:

Knut Dørum og Eirin Holberg

Forfatter: og
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 368
Kopibeskyttelse: Readium LCP
Filstørrelse: 10.98 MB
Filformat: PDF
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk/målform: Nynorsk
ISBN: 9788202723163
Kategori: Arkeologi , Historie og Historie, religion og filosofi
Fag: Arkeologi, Historie
Nivå: Akademisk
Om utgivelsen Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg

Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg ca. 200–1350 presenterer den nye forskinga som har kome om framveksten av høvding- og kongemakt i jernalderen, og om statsutviklinga frå slutten av vikingtida og fram til ca. 1350. Eit sentralt spørsmål er når Noreg vart ein stat, og om vi i det heile teke kan snakke om stat før 1350. Perspektivet er heile tida Noreg sett i lys av ei europeisk utvikling, samstundes som det særnorske får rikeleg plass.

Boka søkjer langt meir enn tidlegare framstillingar å foreine ulike fagtradisjonar, som arkeologi, stadnamnforsking, numismatikk, tradisjonell institusjonshistorie og historisk rettsantropologi. Målet er å gi fleire og ulike svar på kva som skapte politisk makt i romartida, folkevandringstida, vikingtida og mellomalderen. Kvifor har nokre meint at jernalderen og mellomalderen førte med seg sterk politisk maktoppbygging rundt konge og aristokrati, og etter kvart kyrkja, med sterke tendensar til stat? Kvifor har andre i staden skildra kongar på 1200-talet som ikkje mykje mektigare enn andre menn av aristokratiet, i eit samfunn der feidar var spelereglane i politikken?

Boka er tverrfagleg og er skrive av ein arkeolog og ein historikar i lag, og gir per i dag den mest omfattande oppdateringa av forskinga innanfor eit sentralt tema i norsk historie.

E-boka tilsvarer 1. trykte utgave 2017.

Til toppen

Andre utgaver

Forfatter(e)

Knut Dørum er professor i historie ved Universitetet i Agder. Han har bred erfaring fra mange områder av historiefaget, fra jernalder til i dag. Han har skrevet fagartikler, lærebøker og oversiktsverk som dekker kristendom, statsutvikling, jus, ideologi, agrarsamfunn og byutvikling i middelalder og i tidlig nytid. I 2017 vant han og tre medforfattere sølvprisen for Europas beste lærebok. Les mer om Knut Dørum på Universitetet i Agder (UiA).
Dørum er medredaktør av Arven etter 1968 (2021) og Hans Nielsen Hauge. Fra samfunnsfiende til idol (2017). Han er også bidragsyter i Kvifor vart det slik? Norsk historie gjennom 10 000 år (2021) og sammen med Eirin Holberg har han skrevet Arendal før kjøpstaden (2018) og Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg ca. 200–1350 (2017).

Eirin Holberg (f. 1972) er cand.philol. (2000) og stipendiat ved Nord Universitet. Ho har skrive jernalderhistorie i store bokverk, som Helgelandshistoria, Nordlandshistoria og Telemarkshistoria.