Form og formidling knytt til nynorsken (Heftet)

Serie: Skriftkultur 4

Forfatter:

Stig Jarle Helset og Endre Brunstad

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2022
Antall sider: 188
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk/målform: Nynorsk
Serie: Skriftkultur
Serienummer: 4
ISBN: 9788202779801
Kategori: Språk og litteratur
Fag: Språk og litteratur
Nivå: Akademisk
Om utgivelsen Form og formidling knytt til nynorsken

Denne boka er tilgjengelig i en gratis open access-utgave på noasp.no.

Utgangspunktet for dette nummeret av Skriftkultur er at det no er 150 år sidan Ivar Aasen lanserte landsmålet, som den gongen var utan valfridom i form- og bøyingsverket, og at dette skriftspråket av bestemte historiske årsaker har utvikla seg til eit nynorsk skriftspråk som er kjenneteikna av stor valfridom jamført med dei aller fleste andre offisielle skriftspråk i verda. Stendig nye rettskrivingar gjennom det 20. hundreåret medførte både motstand mot og vanskar ved implementeringa av reformene. Forlag og avishus laga sine eigne husnormer, og ei rekkje studiar har vist at elevar, studentar og jamvel lærarar har hatt vanskar med å halde styr på kva som til ei kvar tid er tillatne former i nynorsk. Samstundes blir norske elevar og studentar truleg eksponerte for meir bokmål enn nynorsk jamvel i kjerneområda for nynorsken på Vestlandet, noko som kan skape utfordringar for nynorskbrukarar.

Gjennom seks vitskaplege artiklar diskuterer forfattarane utfordringane og moglegheitene som knyter seg til bruk av, eksponering for og opplæring i det nynorske skriftspråket. Artiklane inkluderer spørsmål knytt til bruk av husnormer i nynorskorganisasjonar, avvik frå nynorskrettskrivinga i elevtekstar og eksponering for og opplæring i nynorsk i utdanningsinstitusjonar. I eit vidare perspektiv handlar spørsmålet om tradering av nynorsk også om kva plass og funksjonar språket fyller, det vil seie kva slags sosial praksis som ligg til grunn for nynorsken.

Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av det den nynorske skriftkulturelle praksisen.

Til toppen

Andre utgaver

Form og formidling knytt til nynorsken
Nynorsk Open Access 2022
Forfatter(e)

Stig J. Helset er professor i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda, der han er ansvarleg for Mastergradsstudiet i skriftkulturar. Han har arbeidd særleg mykje med kartlegging av normer i det nynorske skriftspråket og driv dessutan med sosiolingvistisk forsking og stadnamnforsking.

Endre Brunstad er professor i nordisk fagdidaktikk/språk og fagleg leiar for lektorsenteret, Universitetet i Bergen. Han har arbeidd mykje med språkpolitikk og språknormering i dei nordiske språksamfunna og med problemstillingar knytte til språkkontakt og språkopplæring.

Anna K. Aaland Hellevang er lektor med opprykk i norsk ved Eid vidaregåande skule og har mastergrad i Nynorsk skriftkultur frå Høgskulen i Volda. Hellevang har tidlegare arbeidd som høgskulelektor på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda og på lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Ingvil Brügger Budal er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er filolog, og er oppteken av tekst, språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv. Budal har tidlegare mellom anna skrive om grammatikk og grammatikkdidaktikk, nynorskdidaktikk, språkhistorie og norrøn omsett litteratur.

Fredrik Hope er konservator i nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, og har arbeidsstad i Aasentunet i Ørsta. Han har inntil nyleg vore masterstudent ved Høgskulen i Volda. Han arbeider mellom anna med innsamling av munnlege minner om nynorsk kulturhistorie og har forska på språkpolitikk og bibliotek.

Ida Marie Jegteberg har nyleg gjennomført ei mastergrad i Undervisningsvitskap med fordjupning i norsk som handla om nynorsk i lærarutdanningane.

Kirsti Lunde er stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), der ho forskar på etablering av og forhandling om skriftnormer i unges skrivepraksisar. Ho har tidlegare vore høgskulelektor i norsk ved lærarutdanninga på HVL.

Britt Iren Nordeide er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Har undervisingserfaring frå grunnskule og vidaregåande skule, og underviser no i grunnskulelærarutdanninga og i vidareutdanning for lærarar. Er oppteken av bruk av og haldningar til nynorsk i skulen, både når det gjeld å skrive og å lese.

Jorunn Simonsen Thingnes er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Ho underviser på lærarutdanninga, og forskinga hennar dreier seg i hovudsak om bruk av minoriserte språk og språkpolitikk.

Liv Astrid Skåre Langnes er høgskulelektor ved Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda. Ho har mastergrad i læring og undervisning og arbeider med lese- og skriveopplæring på 1.–10. trinn.

Bøker i serien