Stig J. Helset er professor i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda, der han er ansvarleg for Mastergradsstudiet i skriftkulturar. Han har arbeidd særleg mykje med kartlegging av normer i det nynorske skriftspråket og driv dessutan med sosiolingvistisk forsking og stadnamnforsking.
Endre Brunstad er professor i nordisk fagdidaktikk/språk og fagleg leiar for lektorsenteret, Universitetet i Bergen. Han har arbeidd mykje med språkpolitikk og språknormering i dei nordiske språksamfunna og med problemstillingar knytte til språkkontakt og språkopplæring.
Anna K. Aaland Hellevang er lektor med opprykk i norsk ved Eid vidaregåande skule og har mastergrad i Nynorsk skriftkultur frå Høgskulen i Volda. Hellevang har tidlegare arbeidd som høgskulelektor på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda og på lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Ingvil Brügger Budal er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er filolog, og er oppteken av tekst, språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv. Budal har tidlegare mellom anna skrive om grammatikk og grammatikkdidaktikk, nynorskdidaktikk, språkhistorie og norrøn omsett litteratur.
Fredrik Hope er konservator i nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, og har arbeidsstad i Aasentunet i Ørsta. Han har inntil nyleg vore masterstudent ved Høgskulen i Volda. Han arbeider mellom anna med innsamling av munnlege minner om nynorsk kulturhistorie og har forska på språkpolitikk og bibliotek.
Ida Marie Jegteberg har nyleg gjennomført ei mastergrad i Undervisningsvitskap med fordjupning i norsk som handla om nynorsk i lærarutdanningane.
Liv Astrid Skåre Langnes er høgskulelektor ved Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda. Ho har mastergrad i læring og undervisning og arbeider med lese- og skriveopplæring på 1.–10. trinn.
Kirsti Lunde er stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), der ho forskar på etablering av og forhandling om skriftnormer i unges skrivepraksisar. Ho har tidlegare vore høgskulelektor i norsk ved lærarutdanninga på HVL.
Britt Iren Nordeide er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Har undervisingserfaring frå grunnskule og vidaregåande skule, og underviser no i grunnskulelærarutdanninga og i vidareutdanning for lærarar. Er oppteken av bruk av og haldningar til nynorsk i skulen, både når det gjeld å skrive og å lese.
Jorunn Simonsen Thingnes er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Ho underviser på lærarutdanninga, og forskinga hennar dreier seg i hovudsak om bruk av minoriserte språk og språkpolitikk.