Europeisk politisk historie 400-1750

Frå førstatleg samband til einskapsstat

Leidulf Melve, 2009, Heftet, Nynorsk

Omtale

Denne boka presenterer den politiske historia til Europa frå oppløysinga av Romarriket til konsolideringa av det nye europakartet etter reformasjonar og revolusjonar i tidleg moderne tid.

Ei framstilling av europeisk politisk historie vil naturleg nok fokusere på framveksten til staten, og eit av dei mest tydelege kjenneteikna er mangfald, både i høve til typar av statar og til korleis statsdanningsprosessen gjekk føre seg. Målet er å gje lesaren eit oversyn over dei politiske prosessane som gjennom ein periode på over tusen år leidde Europa frå å være ei samling av førstatlege samband til å bli eit mangfald av einskapsstatar. Framstillinga kombinerer eit fokus på dei lange linene med nærare studiar av viktige historiske hendingar i den einskilde region og stat, frå England i vest til Russland i aust.